and you thought you clicked on something interesting

you see: it`s about me, REGINE.

mai 26, 2007

Bygdakino

Eldrid(veninna mi) skulle køyre småsøskena sine på kino i dag - ho spurte om eg ville vere med, så kunne vi sjå han og. Eg heiv meg med.. tenkte "kino på Sørbøvåg, woho! (not)"
eg tenkte at det sikkert hadde fornya seg sidan sist eg var der - men neida.
Vi kom altfor tidleg..stod uttafor og hang ei stund, køa blei større og større. Det overaska meg over kor mange som møtte opp. Det e såpass langt å køyre for mange, slik at far/mor like godt blir der og ser filmen dei og. I dag var det no ein film for begge aldrar. "Pirates of The Caribbean 3". Det var vel première i går, allerede på Sørbøvåg Bygdakino i dag. Kinda neat.

Stolane står på samme høgdenivå - rett på gulvet. Det er eit stort kvitt tøystykke til lerret på veggen. Bakerst set dei kule typane i bygda. Der kan du kjøpe nokre forskjellige brussortar, sjokolade, chips og popcornpakkar som er poppa i microen. Vi set veldig tett på vanlege stolar. Alle veit kem alle er - før filmen startar er lydnivået høgt.
Det kan høyres harry ut, ja.. men.. det er jo litt teit, morsomt, intimt og sjarmerande. Alt er så meir.. ekte. Meir sosialt enn andre kinoar. Det var faktisk bra kvalitet på både lyd og bilete òg vil eg påstå. Etter ein time så er det bråstopp i filmen og folk reiser seg og går ut for å ta seg ein røyk, frisk luft, kjøpe meir popcorn eller springe rundt og tulle. Det er skifte av filmrull. (!) Eg trur ikkje det er så mange plassar dei gjer det endå, eller er det det? Det var ein lang film, 2 pausar på 5 min.
Etter kinoen avtalte mange å stikke å spele fotball og diverse.

Eg er verkeleg på bygda,
og det føles bra
- berre det ikkje blir for lenge av gangen ;)

8 Comments:

  • At 26 mai, 2007 22:46, Blogger Peter said…

    hehe.. MOrsomt (= første gang eg va på den kinoen såg eg pirates of the carribean (1) men men... NO ska eg på ungdomsklubb:P hehe... =P

     
  • At 28 mai, 2007 13:28, Blogger Crashdummie said…

    Jag var oxå och såg filmen i fredags - tyckte den var helt ok.

    men vi har tyvärr inga pauser i Sverige, så filmen kändes VERKLIGEN lång *suck*

     
  • At 28 mai, 2007 17:49, Blogger Natigirl said…

    Alright so I didn't understand a word of what you said so uhm yeah whatever!

    thanks for the two comments! The first one was hilarious. lmao

    so no i didn't bite anyone's finger at the denitst's. I should've tried though! haha I go again on Wednesday.

    So what's up with you?

    btw...what kinda song is playing in the background?

     
  • At 28 mai, 2007 21:27, Anonymous Anonym said…

    Dette hørtes jo helt supert ut, hvem trenger vel store og fancy kinosaler for å kose seg. Nei, det stemmer at "der det er hjerterom er det husrom".

     
  • At 30 mai, 2007 19:13, Anonymous Anonym said…

    Hej regine!

    Lige en hurtig hilsen her fra DK

    jeg rejser snart nordpå, nærmere bestemt Grønland.

    Kig med på http://www.ebblog.dk/2436/ hvis du har lyst

    steffen

     
  • At 02 juni, 2007 01:14, Blogger Regine said…

    peter:charming, yes?;)

    crashdummie: Det er ikke normalt med pauser i norge heller, men det er pauser på den lille kinoen her på grunn av at de må skifte filmruller!! søtt.

    natigirl: if you scroll down to the end of the page at the blog, you'll see which song's playing.
    Cranberries - Yeat's Grave.

    Im fine thanx, im real tired after this week - im home at my mums place again for the weekend.delightful!

    laila: sant så sant! Det er likevel litt meir stas å gå på større kinoer som har et utvalg når det gjelder snacks, og som har litt meir komfort i seter og denslags =D but still, very charming.

    steffen: hei!! Grønaland? skal du jobbe der ,eller bare ferietur? klart eg skal ta meg ein tur innom og se :)

     
  • At 02 juni, 2007 14:42, Blogger Da Hai said…

    Good! Kjente nesten tresmaken i r...!
    Sist eg var der var med deg da du var liten og vi såg Kamilla og Tyven.

     
  • At 02 juni, 2007 17:04, Blogger Regine said…

    da hai/pappa: haha ja.. men den såg vi på åfjorddalen bygdekino, det her var i sørbøvåg :D den vi var på den gangen va jo dobbelt så stor og bedre kvalitet.synd den blei nedlagt.

     

Legg inn en kommentar

<< Home